Ynskjer at staten skal sikre ruta Hovden - Oslo

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal ber Staten inkludere flyruta Ørsta/Volda-Oslo i arbeidet med komande anbod for kortbanenettet.

Widerøe: Det er flyselskapet Widerøe som har kontrakta på flygingar til og frå Ørsta – Volda lufthamn.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

I ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune blir det vist til at ruta Hovden - Oslo i 2016 vart teken ut av FOT-ordninga (Forplikting om offentleg tenesteyting), og med det gjort om til kommersiell rute. FOT-ruter er ikkje-kommersielt lønsame ruter som blir finansiert av staten. Flyruta vart tatt inn igjen i FOT-ordninga 15.april i år. Anbodsperioden er frå 1. oktober 2021 til 31. mars 2024.

Samferdselsdepartementet har etter oppmoding frå fleire fylkeskommunar bedt om innspel til utgreiingane som skal ligge til grunn for den komande utredninga av FOT-ruter.

Møre og Romsdal fylkeskommune peiker på fire forhold som det må takast omsyn til:

  1. Ørsta/Volda – Oslo må vere ein del av utgreiingane. «Ruta vart tatt ut av FOT-ordninga i anbodet som starta 1. april 2016, noko som gjorde at det vart færre avgangar og høgare billettprisar», skriv fylkeskommunedirektøren. Han skriv om kommersialiseringa av kortbanerutene at «den samfunnsøkonomiske verknaden for samfunnet som heilheit omtrent er eit nullsumspel, mens for innbyggarar og næringsliv har kommersialiseringa gitt ein negativ effekt på konkurransekrafta i regionen.»
  2. Vurdering av seriøsitetskrav: Fylkeskommunedirektøren ber Staten stille seriøsitetskrav i samsvar med krav som offentlege oppdragsgivarar i Norge stiller i eksempelvis kollektivtrafikken/bygg- og anleggsbransjen.
  3. Miljøvenleg løysing for flyruter på kortbanenettet: Fylkeskommunedirektøren viser til miljøkrav for ferjer, bussar og hurtigbåtar og meiner det no er på tide at også flyruter på kortbanenettet blir vurdert og tilrettelagt for alternativ teknologi.
  4. Konkurransesituasjonen: «Vi ber om at de også inkluderer ei oppdatert analyse av konkurransesituasjonen på kortbanenettet, og at moglege tiltak og konsekvensar av desse blir vurdert», skriv fylkeskommunedirektøren.