Vil ha møte med museum som står utanfor alt samarbeid

Dalsfjord Fyrmuseum  Foto: Dalsfjord Fyrmuseum

Nyheiter

Volda-ordførar Sølvi Dimmen vil ha eit møte med leiinga i Dalsfjord fyrmuseum, som står utanfor det nasjonale museumsnettverket.



Styreleiar Vebjørn Lillebø i fyrmuseet har gitt tilbakemelding til Volda kommune om det han meiner er elendig kommunikasjon med Viti – paraplyorganisasjonen som tidlegare kalla seg Musea på Sunnmøre.

Fyrmuseet vel difor å halde seg utanfor samarbeidet – også med Kystverket, som dei har vore i forhandlingar med.

-Kommunen må ta til vitande at Stiftinga Dalsfjord Fyrmuseum har valt å ikkje vedta den avtalen som de fekk forhandla fram med Kystverket og Viti, og som partane munnleg har orientert kommunen om, men eg vil rå dykk til å tenke grundig gjennom avgjerda, skriv Sølvi Dimmen til Lillebø.

-Dalsfjord Fyrmuseum står no i ein posisjon der de er utan føresetnad for offentleg tilskot, minner ordføraren om.

Dalsfjord Fyrmuseum har i løpet av 2021 hatt berre 21 gjestar.