Sæbø satsar på ungt trenarteam

Sæbø IL har henta Lasse Strand Gule (23) inn som hovudtrenar til neste sesong.

Styreleiar Tom Andre Holen, saman med trenarteamet Brian Dale, Lasse Strand Gule, og Steffen Wille Ytterstad.  Foto: Sæbø2022

Nyheiter

Strand Gule har fram til i vinter vore ein del av Hovdebygda-laget som rykka opp til fjerde divisjon, og tok ein sterk fjerdeplass i divisjonen. No tek han steget over i trenarrolla for Sæbø, og med seg får han assistentane Brian Dale (21) og Steffen Wille Ytterstad (27).