Onsdag: To nye smitta i Ørsta

Koronatesting  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune har i dag 24. november fått melding om to nye smittetilfeller med covid-19. Begge har vore i nærkontakt med kjende smittetilfeller. Ein var fullvaksinert, den andre uvaksinert.

Kommunen har også fått melding om at det har vore ein smitta med covid-19 på Nytt liv senter i Ørsta 21. november. Kommunen ber difor om at alle som har vore der er merksame på symptom og tek test. Alle uvaksinerte bør ta ein test sjølv om dei ikkje har symptom.