Onsdag: Fire nye koronasmitta i Volda

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune har i dag, onsdag 24. november fått melding om fire nye smittetilfelle med covid-19. Alle desse har vore i nærkontakt med tidlegare kjende smittetilfelle.



Ein av dei smitta har vore i ei avdeling i Øyra barnehage, føresette vil bli informert og få utlevert hurtigtestar i barnehagen i dag.

Ein av dei smitta har vore på Nytt liv senter i Ørsta søndag 21. november.

Kommunen ber difor om at alle som har vore der er merksame på symptom og tek test.

Alle uvaksinerte bør ta ein test sjølv om dei ikkje har symptom, skriv Volda kommune.