Avslørt av overvaking

Henta inn store mengder narkotika - mann og kvinne dømde

Tingretten i Volda.  Foto: Terje Engås

Nyheiter

Ein mann i 30-åra og ei kvinne i 50-åra er dømde til samfunnsstraff og fengsel for mellom anna kjøp og sal av amfetamin. Mannen vart funnen skuldig i å ta med 800 gram amfetamin til Volda. Kvinna kjøpte 500 gram amfetamin av mannen som ho nytta sjølv og selde vidare.