Budsjettforlik i Volda

Dempar skattetrykket - men berre litt

Varaordførar Sverre Leivdal (med pc) var arkitekten bak forslaget som formannskapet gjekk inn for. Frå venstre: Ordførar Sølvi Dimmen (Sp), kommunedirektør Rune Sjurgard, økonomisjef Kari Mette Sundgot, Ola Perry Saure (Sp) og Øyvind Festø (MDG)  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Voldingane må bu seg på meir eigedomsskatt, men ikkje slett så mykje som kommunedirektøren meiner må til. Fleirtalet i formannskapet i Volda set sin lit til at den nye regjeringa gir meir pengar til kommunane. Dessutan vert pengar «spart» innan drift av symjehall i 2023. Dermed slepp kommunen å auke eigedomsskatten til tre promille i 2022 og 2023 og fire promille i 2024, slik kommunedirektøren tilrår.