Tre nye smitta i Ørsta – Fugl Fønix-gjester bør vurdere test

Koronatesting  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune har i dag 23. november fått melding om tre smittetilfelle med covid-19. Ein har vore i nærkontakt med kjende smittetilfelle, ein har vore på utanlandsreise og den siste har førebels ukjend smitteveg. Alle var fullvaksinerte.



Fleire av dei smitta har vore på Fugl Fønix fredag 19. november. Kommunen ber difor om at gjestar som har vore der den kvelden har låg terskel for å bestille ein koronatest dersom dei får symptom i løpet av den neste veka.