Tre nye koronasmitta i Volda – ungdomsskulen og Bratteberg skule råka

Koronatesting  Foto: Arkiv illustrasjon

Nyheiter

Volda kommune fekk i dag, tysdag 23. november melding om tre nye smittetilfelle med Covid-19.



Ein er har vore på reise i utlandet, medan to har vore i nærkontakt med tidlegare kjende smittetilfeller. Alle tre er uvaksinerte.

Følgande skular er råka:

Ei 6. klasse på Bratteberg skule

Ei 10. klasse på Volda ungdomsskule

Føresette vert informert av skulen og vil få hurtigtestar utlevert på skulen i dag. Testing og tilrådingar for uvaksinerte og delvaksinerte nærkontakter på skular:

Nærkontakter på skulen utan symptom:

- Bør ta to hurtigtestar med 24 timers mellomrom.

- Dersom hurtigtestane er negative går ein på skulen som normalt så lenge ein kjenner seg frisk.

- Bør følge godt med om ein utviklar symptom dei neste 10 dagane, dersom ein vert sjuk bør ein ta ein PCR-test på teststasjonen.

Nærkontakter på skulen med symptom:

- Bør vere heime frå skulen og ta ein PCR-test på teststasjonen.

- Dette gjeld óg ved milde symptom.

- Ein kan ikkje stole på ein negativ hurtigtest dersom ein er nærkontakt og har symptom.