Mange tilgjengelege doser – drop in-vaksinering i Ørsta

Koronavaksine.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Ørsta kommune har mange ledige vaksinedoser med koronavaksine og ledige timar til vaksinering denne veka og dei neste tre vekene.

Og du kan få stikket allereie no:

I dag 23. november (fram til kl 13.30) og i morgon 24.11 (fram til kl 15.30) inviterer Ørsta kommune til vaksinering med drop, utan timeavtale på førehand, på kulturhuset.

Ein kan tilby tredje dose med oppfriskingsvaksine til alle over 65 år og til alt helsepersonell i kommunen som har pasientkontakt, men - det må ha gått minst seks månader sidan ein tok andre dose.

Den som ikkje har fått tatt første eller andre dose enno er også velkomne til vaksinering, i alle aldrar frå tolv år og oppover.

Ein har både Pfizervaksine og Modernavaksine, folk kan velje sjølv den typen ein ønsker av desse to.

Det er elles mulegheit for å bestille seg time på HelseNorge eller ved å ringe vaksinasjonstelefonen. Siste vaksineringsdag før jul er foreløpig 16.12, melder Ørsta kommune.