Her vert det utradisjonelt tilsyn

Standalhytta.  Foto: Arkiv Sunnmørsposten

Nyheiter

Ørsta kommune har varsla Aalesunds Skiklub om at dei vil gjennomføre tilsyn på Standalhytta – men utan å møte fram.

- Tilsynet skjer på ein annan måte enn vi tradisjonelt gjer, skriv brannsjef Thomas Winther Leira og branningeniør Hege Leite i ein epost til skiklubben.

Tilsynet er tenkt gjennomført ved at Ørsta kommune får framlagt/tilsendt følgande dokumentasjon:

 Risikovurdering.

 Rutine for utleige.

 Gjennomførte eigenkontrollar i 2021 og beskriving av kva som må kontrollerast for å

kunne kvittere ut dei ulike punkta i eigenkontrollskjemaet.

 Dokumentasjon på at brannalarmanlegg, ledesystem og slokkeutstyr er kontrollert av

kvalifisert føretak.

 Gjennomført brannøving og –opplæring.

 Brann- og evakueringsinstruks.

 Dokumentasjon på at dei avvik som vart påpeika i den branntekniske vurderinga er

lukka. Om noko ikkje er lukka – handlingsplan med tidsfristar for når dei skal vere

lukka.

Dokumentasjonen må vere Ørsta kommune i hende innan 14. desember.