Ber for kyrkja til Ørsta kommune

Ørsta kyrkjelege fellesråd ber Ørsta kommune om eit driftstilskot på 5,5 millionar kroner i 2022. Samstundes vert det bedt om investeringsstøtte på 900.000 kroner.
Nyheiter

– Ørsta kyrkjelege fellesråd forventar auka aktivitet i drifta no som samfunnet er gjenopna. Auka drift gir høgare kostnader, men også moglegheit for å auke inntektene igjen etter eit og eit halvt år med liten eller ingen inntekt frå kollekt og andre innsamla midlar, husleige m.v., heiter det frå dagleg leiar/kyrkjeverje Jørn Velle.