«Eg nekta å gå i begravelsen. Eg ville ikkje sjå at dei vart senka ned i jorda»

Fem år: Hildegunn var fem år då faren, Karl Standal t.h., omkom i Molaupen-ulukka.   Foto: Privat

Nyheiter

Fjordingen Det er 50 år sidan Molaupsulukka, der eit bygdesamfunn miste sju menn i snøskred. Fedre, brødre, søner. Hildegunn Standal Dragsund, i dag busett i Loen, miste far sin den dagen. Det siste minnet ho har er at han vinka «ha det» før han sprang for å vere med og berge liv.