Tre nye smitta i Volda

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune melder måndag ettermiddag om tre nye korona-tilfelle.



Kommunen fekk i går ettermiddag melding om to nye smittetilfeller med covid-19. Éin er husstandsmedlem med tidlegare kjende smittetilfeller og var fullvaksinert. Den andre har usikker smitteveg, og testa seg grunna symptom etter innanlandsreise.

Måndag fekk kommunen melding om nok eit nytt smittetilfelle med covid-19. Vedkomande har vore i nærkontakt med eit kjent smittetilfelle og var delvaksinert.