Startar vaksinering med tredje dose onsdag

Gitte Edvardsen leiar på Volda helsestasjon og sjukepleiar Marit Lausnes Oddekalv som trekk opp koronavaksine.  Foto: Volda kommune

Nyheiter

Volda kommune startar vaksinering av tredje koronavaksine-dose for dei over 65 år komande veke.

Personar over 65 år har blitt innkalla til tredje vaksinedose ein av desse dagane:

24. og 25. november

1. og 2. desember

-Når du får tilsendt varsel om time må du gå inn på helsenorge.no og bekrefte timen din. Du kan sende e-kontakt på Helsenorge (Volda vaksinasjon) eller ta kontakt på vaksinetelefonen, skriv Volda kommune.

Desse må bestille tid sjølv:

Personar som ønsker første eller andre dose koronavaksine

Personar under 65 år som er i ei risikogruppe

Personar over 65 år som av ulike årsaker ikkje har fått innkalling

Det skal vere minst ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine.

Dei som treng å endre time kan gjere det på fleire måtar:

Bruk Helsenorge.no til å finne ledige timar. Du kan også sende E-kontakt under dine helsekontakter på Helsenorge (Volda vaksinasjon). Du kan ta kontakt på vaksinetelefonen for å bestille eller endre tid.

Oppmøtestad: Gamle Voldahallen