Innebandyhistorie i Ørstahallen

Laurdag og søndag vart det skrive historie i Ørstahallen. For fyrste gong var det offisielle damekampar og ungdomskampar i innebandy.

Historisk: I helga vart det for fyrste gong spelt kampar i innebandy for ungdom og damer i Ørstahallen. Foto: Privat 

Nyheiter

– Det er veldig gledeleg at vi endeleg kjem i gang med desse aktivitetane etter ein lang pause. No satsar vi på endå fleire kampar i tida som kjem, og at endå fleire klubbar melder seg på tilboda, heiter det på bandyforbundet sine heimesider.