13 advokatar på Søre-Sunnmøre med brev til Justis- og beredskapsministeren:

Fryktar færre dommarar og tilsette ved rettstadar utan leiing

Advokat Jørund Knardal ynskjer at Søre Sunnmøre tingrett og jordskifteretten i Ørsta ikkje skal leggast ned.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

13 av advokatane frå Søre-Sunnmøre har sendt eit brev til Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Dei ynskjer at domstolsreforma som Solberg-regjeringa innførte 1. mai, 2021 blir reversert. Då blei 60 domstolar i Noreg gjort om til 23. Samtidig gjekk talet på jordskifterettane ned frå 34 til 19.

Føremålet med reforma var å gjere rettane større og betre. Både Søre Sunnmøre tingrett og jordskifteretten i Ørsta måtte leggast ned som følgje av reforma.

– Gledelege nyheiter

Den nye regjeringa lova i Hurdalsplattformen å oppheve denne reforma. Advokatane på Søre-Sunnmøre synest dette er gledelege nyheiter. Det som skal til for at dagens struktur skal førast vidare er ifølgje plattforma at «domstolsleiar, kommunane i rettskretsen og dei tilsette gjennom sine tillitsvalde er samde om å føre vidare dagens struktur».

– Det skal altså finnast semje, og våre lokale ordførarar har vore tydeleg på at dei vil gå inn for ei attinnføring. Det ligg då til rette for at dei fire domstolane i Møre og Romsdal kan verte gjenoppretta, heiter det i brevet.

– Ingen grunn til å vente og sjå om reforma fungerer

Advokatane på Søre-Sunnmøre skriv i brevet at erfaringar med tidlegare samanslåingar er at staden leiinga sit, vert prioritert. No sit leiinga i Møre og Romsdal tingrett i Ålesund.

– Vi fryktar at det etter kvart vert færre dommarar og tilsette ved rettsstadar utan eiga leiing.

Søre Sunnmøre tingrett i Volda  Foto: Arkiv

Eit av føremåla med reforma var å betre kvaliteten på domstolane. Advokatane skriv at dei ikkje er samde i den påstanden.

– Som faste brukarar av Søre Sunnmøre tingrett har vi erfaring med at kvaliteten på domstolen sine avgjerder ikkje på nokon måte har vore dårlegare enn kvaliteten ved andre, større tingrettar i landet. Samtidig har vi opplevd at Søre Sunnmøre tingrett ved behov har samarbeidd godt med dei andre tingrettane i fylket, slik at potensialet for effektivisering synest lite.

I tillegg skriv dei at i Riksrevisjonen sin siste rapport kjem Søre-Sunnmøre tingrett høgt opp på lista når det kjem til dei mest effektive tingrettane i landet.

Fryktar færre advokatar

– Dersom domstolsreforma vert ført vidare vil det gå utover rettshjelpstilbodet til folk i distrikta. Ein eigen lokal domstol med stadleg leiing, gjer det meir attraktivt å arbeide som advokat på Søre-Sunnmøre, heiter det i brevet.

Difor fryktar advokatane at om tingretten forsvinn, vil advokattilbodet verte sterkt redusert på sikt.

– Vi ynskjer fire tingrettar i fylket, men ser samtidig høve for meir samarbeid. Slik kan ein byggje robuste fagmiljø, og oppnå betre ressursutnytting. Det vil også gjere at Søre Sunnmøre tingrett står sterkare dersom nye diskusjonar om samanslåing skulle dukke opp.