Fire nye koronasmitta i Ørsta – Hovden skule råka

Koronatesting   Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune har i dag, 22. november, fått melding om fire nye smittetilfelle med covid-19. Ein har ukjend smitteveg, ein er nærkontakt og to testa seg grunna symptom etter innanlandsreise.



Ein sjetteklasse på Hovden skule er råka

Føresette i denne klassen vert varsla av skulen og vil få utlevert hurtigtestar på skulen i dag. Det vert tilrådd at elevane tek to hurtigtestar med 24 timars mellomrom. Det er viktig at ein følger godt med om borna får symptom dei neste sju dagane. Dersom dei får symptom på covid-19, bør dei vere heime frå skulen og ta ein PCR-test på teststasjonen. Dette gjeld og ved milde symptom, skriv Ørsta kommune.