Markering av Molaupsulukka:

– Det var eit kaotisk døgn

Berit Klepp sin far, Ragnvald Bratheim, var ein av dei som omkom i raset i Molaupsfjella for 50 år sidan. Ho er ein av dei som møtte opp på minnesmarkeringa i Hjørundfjord kyrkje.  Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Nyheiter

I år er det 50 år sidan raset på Molaupen som tok sju liv den 24. november 1971. Denne søndagen møttest pårørande, familie, venar og andre opp i Hjørundfjord kyrkje for å minnest dei som omkom.