Fortel om løyndommar i norsk natur:

– Blindsonene i naturen er viktige for mange

Ein løyndom er ikkje noko ein deler med kven som helst. Men da fotojournalist Marius Nergård Pettersen gav ut ei bok om hemmelege hytter i norsk natur for tre år sidan, fekk han hundrevis av tilbakemeldingar frå folk som ville dele fleire naturløyndommar med han.

Sverre (83) har hatt nokon av dei aller finaste opplevingane sine i hola han fann heilt tilfeldig da han var i femtiåra. Her kjem han tettare på naturen enn i ei vanleg hytte, og slepp å gå langt for å komme til rypeterrenget.   Foto: Marius Nergård Pettersen

Nyheiter

Medan nokre historier var av typen «sjå kva eg fann i fjellet», var det òg mange personlege historier.