Minne frå krigen i april 1940

Ørstingar på nøytralitetsvakt

På vakt for Noreg: Magnar Robinson står på kne fremst til venstre saman med Herlof Gridset frå Veblungsnes, seinare busett i Ørsta. Bak frå venstre står Laurits Molnes. Johan Gran og Trygve Valseth. (Soldaten fremst til høgre er så langt ukjent). 

Nyheiter

Bildet har eg fått tilsendt frå barndomsvenen min, Einar Robinson, no busett på Jessheim. Han er son til Magnar Robinson (1918-2000) frå Bud i Hustadvika på Romsdalskysten, seinare busett i Ørsta. Han fortel at Magnar utførde militærteneste i Hæren og tok del i Nøytralitetsvakt straks før krigen – og var elles involvert i fleire harde krigshandlingar i april 1940, jf. siste del.