Dette biletet er teke ikkje så lenge før det første raset ramma. Foto: Privat

Skulle berge fem geitebukkar – sju menneske omkom

(NPK-NTB): Ein ung mann står og viftar med eit klede ved Molaupen, ein fråflytta gard på austsida av Hjørundfjorden. I grenda Ytre-Standal rett på andre sida av fjorden forstår dei at det har skjedd noko alvorleg.