Kor-veke med kor-legende

- Dette koret er kun fire dagar gammalt, og dei fleste har aldri sunge i kor før. Eg er imponert!

Jon Lotterud har mange år bak seg i kor og arbeid på folkehøgskular.   Foto: Bendik Mork Folkestad

Nyheiter

Det seier Jon Lotterud. Kor-legenda frå Aurskog har tilbrakt denne veka ved Møre Folkehøgskule. Der har han vore musikalsk leiar i det årlege korprosjektet til skulen, som fungerer som eit sosialt og engasjerande prosjekt for alle linjene ved skulen. På berre nokre dagar har han fått elevane på skulen til å verte drivne songarar.