Ukjend smitte i Ørsta-Volda – for få testar seg

Svært få testar seg for tida, sjølv om mange går og hanglar. Kommuneoverlegen trur det er ukjend smitte i Ørsta-Volda.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Dei siste korona-tilfella både i Volda og Ørsta tyder på at det er ukjend smitte i befolkninga. Fleire av dei siste smitta har også vore fullvaksinerte. Men få testar seg no.

Det opplyser kommuneoverlege Marte Vaage Øie.

Samtidig er det svært mange som er sjuke no på hausten, men testaktiviteten er til trass for det svært låg.

Fullvaksinerte og smitta

Det er altså fleire av dei siste korona-smitta i Ørsta-Volda som har vore fullvaksinerte.

- Vi vil derfor minne om at FHI framleis rår til at alle ungdomar og vaksne bør teste seg ved nyoppståtte luftvegssymptom – dette gjeld også fullvaksinerte, seier Vaage Øie.

Kommuneoverlege Marte Vaage Øie.  Foto: Arkiv

- Vi har no ein god del hurtigtestar på lager som vi veldig snart vil byrje å dele ut til befolkninga slik at dei kan ha testar liggande heime og teste seg med ein gong dei får symptom. PCR er framleis best, men hurtigtest er eit godt alternativ heilt i starten av sjukdomen. Meir informasjon om dette kjem snart.

FHI-råd

Råd frå FHI til deg som er ungdom eller vaksen og har nyoppståtte luftvegssymptom

Hald deg heime

Ved vage symptom kan du gå på skule/jobb same dag viss du testar negativt for SARS-CoV-2. Viss symptoma blir verre eller meir uttalte bør du gå heim og vurdere å ta ein ny test. Tilsette i helse- og omsorgstenesta bør følgje Råd om bruk av personlig beskyttelsesutstyr.

Du bør teste deg for SARS-CoV-2.

Test for SARS-CoV-2 bør gå føre seg i offentleg regi, anten som sjølvtest utlevert av kommunen, eller på teststasjon med bruk av PCR-test eller antigen-hurtigtest.

Dei du bur saman med treng ikkje å halde seg heime, heller ikkje dersom dei jobbar i helsetenesta.

Viss du er definert som nærkontakt til husstandsmedlem som har fått påvist covid-19 og du sjølv får symptom, bør du halde deg heime og ta ein test.