Krasj i Hovdebygda skapte trafikkproblem

Nyheiter

Tre bilar var involvert i eit trafikkuhell på E39 i Hovdebygda måndag ettermiddag. Politiet melde klokka 1630 at hendinga skjedde ved avkøyrsla til Ytrehovdevegen..

-Vegen vart delvis stengt, og politiet dirigerte trafikken. Omkjøring vart sett opp via Ytrehovdevegen. Bussar og trailarar vart dirigert forbi ulykkesstaden, skriv politiet på Twitter.

Bilane vart fjerna og vegen vart opna for fri ferdsel ved 17:30-tida.

Politiet har ikkje opplyst noko om eventuelle personskader.