Nytt rekordår for Mållaget

Leiar i Mållaget, Peder Lofsnes Hauge jublar over 15 000 medlemmer.  Foto: Noregs Mållag

Nyheiter

Noregs Mållag passerte allereie i august i år rekorden frå i fjor og har no 15.000 medlemer, skriv Mållaget i ei pressemelding.

– Dette er utruleg kjekt! Med eit rekordstort Noregs Mållag i ryggen ligg alt til rette for viktige gjennomslag for nynorsken i åra som kjem. Vi har jobba systematisk med rekruttering, og med så mange nye medlemer i heile Noreg viser det at vi ikkje berre er ein interesseorganisasjon for nynorsken og nynorskbrukarane, men ei brei folkerørsle for heile landet, seier leiar Peder Lofnes Hauge.

I valkampen melde femten hundre nye medlemer seg inn i Mållaget som ein reaksjon på Framstegspartiet sin ungdomsorganisasjon, FpU, sitt åtak på nynorsken, men mållagsleiaren konstaterer at organisasjonen også veks jamt gjennom året.