Hatten av for Nina Hjertvik og utstillinga hennar

- Er ikkje dette fantastisk? Kunsthuset er kjempestolt av deg, Nina!

Lokalet var stappfullt. Her fortel Nina om korleis ho vart hattemakar.  Foto: Bendik Mork Folkestad

Nyheiter

Det sa Anne Ellingsen til Nina Hjertvik, som hadde premiere på utstillinga si om hattar i ulike fargar og fasongar, 15.oktober ved Kunsthuset i Ørsta. Lokalet var smekkfullt av folk som ville gratulere modist Nina for den flotte presentasjonen av “mine tankars hus”, som utstillinga heiter.