Ber om hjelp til å stoppe langing av alkohol til mindreårige

Politiet, Vinmonopolet og Studenthuset Rokken har felles front mot langing av alkohol til mindreårige, og ber no foreldra om hjelp.

Dagleg leiar på Rokken, Åge Staurset, politistasjonssjef Oddbjørn Myklebust, og vinmonopol-butikksjefane Anne Karin Brautaset Bae og Lisbet Overå.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

- Og beskjeden til langarane er at dei må slutte med det. Langing til mindreårige har ei strafferamme på bøter eller fengsel inntil seks månader, seier politistasjonssjef Oddbjørn Myklebust.