No startar snart influensa-vaksineringa

Vaksinering.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Ørsta kommune får tilsendt influensavaksiner til risikogruppene heilt i slutten av oktober. Det blir influensavaksinering på kulturhuset kun for risikogruppene første veka i november.

Pasientar på institusjonane får tilbod om vaksine der. Dei som slett ikkje klarer å møte opp på vaksinasjonsstaden kan få tilbod om vaksinering i heimen, andre må møte på Ørsta kulturhus, skriv Ørsta kommune på si heimeside.

Meir detaljert informasjon vil kome seinare på kommunen sine heimesider og i Møre-Nytt.

Influensavaksina skal i år vere gratis, då staten dekker utgifter knytta til vaksineringa.

Nær 1,6 millionar menneske i Noreg tilhøyrer grupper med auka risiko for alvorleg influensasjukdom.

Desse bør ta influensavaksine årleg:

Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar

Alle frå fylte 65 år

Gravide etter 12. svangerskapsveke.

Prematurt fødde barn.

Barn og vaksne med diverse kroniske sjukdommar.