Mangel på gravplassar i Volda

Leirshaugen gravplass.  Foto: Arkiv Kjell Arne Steinsvik.

Nyheiter

- Vi har lite ledige graver på Leirshaugen gravplass og det har med å gjennomføre denne utvidinga, varslar kyrkjeverje Jostein Stråbø.

Utspelet kjem i samband med at det nærmar seg dei tidene då Volda-politikarane skal fordele pengar på viktige prosjekt.

Eit av dei er ifølgje kyrkjeverje Stråbø nye gravplassar. Det er utarbeidd eit prosjekt med utviding av gravplassen austover mot næringsområdet og E39. Dette vil kunne gi 588 nye kistegraver på Leirhaugen . I tillegg skal det lagast til for urnegraver og namna minnelund.

Totalkostnaden er rekna til 25, 5 millionar. Prosjektet har forskjellig prioritet og er lagt inn i investeringsbudsjettet for 2022.

Orgel

Høgst prioritet etter utviding av Leirshaugen er fornying av hovudorgelet i Volda kyrkje.

- Dette er ei fornyande restaurering med ombygging og utviding av instrumentet. I prosjektet tek ein vare på mykje av det opphavlege instrumentet og dei antikvariske rammene. Samtidig vert instrumentet bygd om og utvida for å bli betre tilpassa kyrkjeromet og gje grunnlag for større musikalsk mangfald, skriv Jostein Stråbø.

Kostnaden er stipulert til 8-10 millionar. Prosjektet er tenkt finansiert gjennom gåver, innsamla midlar og lån.