Karsten vart "Årets namn"

Karsten Warholm er årets namn i norsk friidrett. Det er klart etter at Friidrettens Venner måndag delte ut prisen under friidrettsforbundet sine Marknads- og mediadagar i Oslo.  Foto: OLE-OTTAR K. HØGSTAVOLL

Nyheiter

    Vikebladet Vestposten

    OL-vinnar Karsten Warholm, som denne sesongen har forbetra verdsrekorden på 400 meter hekk to gongar, har no fått prisen som "Årets namn i norsk friidrett". Det er Friidrettens Venner som deler ut prisen.

    Dette er femte gongen Warholm får denne utmerkinga og tredje året på rad. Prisen vart delt ut måndag 11. oktober i Oslo.

    I grunngjevinga for prisen heiter det: "Warholm klarte den vanskelege øvinga å innfri eit favorittstempel og gjenta å prestere på øvste nivå. I Tokyo kompletterte han eigen medaljesamling ved å ta OL-gull på 400 meter hekk med tida 45,94 og smadra i tillegg sin egen ferske verdsrekord. Uovervunnen på 400 mh de siste 3 årene (8. september 2018). Fekk sitt andre Diamond League-trofé i 2021 og toppar World Athletics verdsrankinga 2021."

    Nyleg vart det også klart at Warholm er ein av tre finalistar i kåringa av årets mannlege friidrettsutøvar i Europa. Prisen blir delt ut denne veka.

Denne saka vart først publisert i Vikebladet Vestposten.