Frå tysk prisutdeling til Nordfjord

Ragnhild Hemsing held konsert på operahuset på Nordfjord 20. oktober.  Foto: Arrangør.

Nyheiter

Ragnhild Hemsing tok søndag imot prestisjefylt tysk pris for sitt nye album. Onsdag 20. oktober held ho konsert i Operahuset Nordfjord med musikk frå det same albumet.

Musikaren frå Valdres har med seg både hardingfele, klassisk fiolin og pianist Tor Espen Aspaas til Nordfjordeid.

Dette går fram av ei pressemelding.

- Med fiolin og hardingfele presenterer Ragnhild Hemsing både likskapane og ulikskapane mellom norsk folkemusikk og klassisk musikk. På konserten «Røta» får publikum oppleve den fabelaktige fiolinisten framføre musikk av Edvard Grieg, Ole Bull, Johan Halvorsen - og sjølvsagt folkemusikk., heiter det i meldinga til pressa.

Albumet «Røta» kom ut i vår, og presenterer Hemsing sine røter i den norske folkemusikken. I Berlin søndag 10. oktober tok ho imot den prestisjefylte prisen «Opus Klassik», i kategorien «Klassisk uten grenser». Albumet har vekt stor internasjonal merksemd, og Klassiskmusikk.com gav plata terningkast seks, står det i pressemeldinga.

- Ragnhild Hemsing har djupe røter i den rike norske folkemusikktradisjonen, samstundes som ho er klassisk utdanna og debuterte med Bergen Filharmoniske Orkester allereie som 14-åring. Hemsing skil seg ut som ein uvanleg allsidig artist, som på ein svært vellukka måte smeltar saman typiske trekk ved norsk folkemusikk og klassisk musikk på ein ungdommeleg, frisk og moderne måte.

Tek tradisjonen vidare

- Målet med albumet «Røta» var å gjere hardingfela meir kjent internasjonalt, og få lyttarane til å reflektere over musikalsk identitet. I tillegg ønskjer Ragnhild Hemsing å ta både den klassiske- og folkemusikktradisjonen vidare ved å spele arrangement der komponistane er inspirerte av norsk folkemusikk og folkeeventyr.

- Ragnhild Hemsing vaks opp i Valdres og byrja å spele fiolin som femåring. Ho er utdanna ved Barratt Due musikkinstitutt og i Wien, har spelt med alle dei større norske orkestera, og ei lang rekkje utanlandske orkester, festivalar og konserthus. Hemsing har gjeve ut fleire album, mottekne ei lang rekkje prisar og er saman med systera Eldbjørg kunstnarisk leiar for Hemsingfestivalen.

Prisløna pianist

- Tor Espen Aspaas skal spele på Fazioli-flygelet i Operahuset Nordfjord på konserten. Pianisten frå Røros er professor ved Norges musikkhøgskole, har motteke mange prisar og utmerkingar, vore solist i inn- og utland og gjeve ut heile 14 album, heiter det i pressemeldinga.