- Aldri før har det vore viktigare å inkludere kvarandre, å ta tilbake møtestadane og få opp kvardagspraten

Aldri før har det vore viktigare å inkludere kvarandre, å ta tilbake møtestadane og få opp kvardagspraten, meiner dei som har skrive denne helsespalta. 

Nyheiter

Verdensdagen for psykisk helse går av stabelen 10.10 kvart år med ulike tema på agendaen. I år er temaet livet under og etter ein pandemi, med slagorda: ver tilstades, ver merksam og følg opp!

Alle har nemleg ei psykisk helse, og nær halvparten av oss vil ha ei psykisk utfordring ein eller annan gong i livet. Kanskje er denne dagen enno viktigare enn den har vore før, med tanke på alt som har gått føre seg siste året.

Aldri før har det vore viktigare å inkludere kvarandre, å ta tilbake møtestadane og få opp kvardagspraten.

Med slagorda ver tilstades, ver merksam og følg opp vil verdensdagen formidle viktigheita av det å vere medmenneskje, og få fram ansvaret vi alle har ovanfor kvarandre. Du kan vere viktigare enn du trur for nokon, og sjølv små ting kan ha mykje å seie. Eit hei, eit smil, eit nikk kan gjere dagen enklare for nokon. Ein invitasjon til ein kaffi, eit klapp på skuldra eller eit kompliment kan virke som noko lite der og då, men gje store ringverknader i kvardagen til andre. «They may forget what you said, but they will never forget how you made them feel» er eit sitat av Carl W. Buehner som høvde seg godt til akkurat dette temaet.

Tilhøyrigheit

Det er nemleg føleslen av tilhøyrigheit som kan vere skilnaden på å vere aleine eller å vere einsam. Nokon trivst godt i eige selskap, og det er ikkje noko uvanleg ved det. Andre igjen kan sitje midt i ei stor folkemengd og likevel føle seg utanfor. Det er her vi alle kan bidra ved å fange opp og sjå kvarandre, og det uavhengig av alder: både born og vaksne treng å vere ein del av noko. Vi kan saman skape fellesskap gjennom handling av å ver tilstades, ver merksam, og følgje opp!

Verdensdagen for psykiske helse lister opp 5 gode grunner til kvifor markere dagen:

· Det vert lettare å dele tankar med andre, og å få og gi støtte

· Mindre tabu og skam rundt psykiske utfordringer

· Du er med på å skape eit meir inkluderande nærmiljø

· Eit rausare samfunn gir betre psykisk folkehelse

· Du styrkar di eiga psykiske helse

Enkle tips og råd for korleis du kan gjere dagen meiningsfull for andre kan du finne på verdensdagen.no, samt ved å følgje dei på Facebook. Vil du ha nyttig informasjon kring temaet psykisk helse finn du og dette her.