Her lovar ny regjering gratis ferje

Senterpartiet går langt i å love gratis ferjer på Hjørundfjorden i løpet av komande fireårsperiode.

Hjørundfjord-sambandet kan verte gratis.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Fredag kom nyhenda om at Sp og Ap er samde om ei plattform for ei ny regjering. Eit av punkta er billegare ferjer.

Billettprisane på dei fleste ferjestrekningane skal halverast i løpet av stortingsperioden. Men somme strekningar skal også verte gratis.

- Mange samband i fylket vårt vil faktisk få gratis ferje. Dette handlar om øysamfunn utan andre alternativ enn ferje, og mindre samband, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp).

Fleire samband i Møre og Romsdal skal få gratis ferje i løpet av denne valperioden fordi dei anten har under 100.000 passeringar, eller er øysamfunn utan andre alternativ enn ferje.

Klinge nemner desse sambanda, som ho går utifrå vil få gratis ferje: Larsnes-Åram-Kvamsøya-Sandsøya-Voksa, Hundeidvik-Festøy, Standal-Trandal-Sæbø-Leknes-Skår, Molde-Sekken, Småge-Finnøy-Sandøy-Ona-Orta, Kvanne-Røkkum og Arasvik-Hendset. Og Smøla, Otrøya og Gossen.

- Dette er ei gedigen nyheit for folk og næringsliv i distrikta og særleg i Møre og Romsdal, seier Klinge.