Katinka er inspirator for ny grøn bølgje

GRØN INSPIRATOR: Katinka Kilian ønskjer å inspirera fleire til å interessera seg for berekraftig mat og landbruk og held kurs for folk som ønskjer å starta med marknadshagar i heile Vestland.   Foto: Peder Skjelten / NPK

Nyheiter

Grønsakdyrking er perfekt for små teigar, meiner Katinka Kilian. Saman med mannen har ho gjort kortreiste grønsaker til levebrød. Ho er langt frå åleine. Interessa for å dyrka grønsaker for direktesal i såkalla marknadshagar har auka sterkt dei siste åra.