– Skal auke aktiviteten i flyklubben

Laurdag vart anlegget til Volda og Ørsta flyklubb på flyplassen i Hovdebygda offisielt opna. Styreleiar Oddvar Strand er viss på at det gir endå meir aktivitet.

Opning: Ordførarane Sølvi Dimmen og Stein Aam stod for snorklippinga. Styreleiar Oddvar Strand kan nøgd sjå at anlegget er ferdig.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Allereie er Volda og Ørsta flyklubb blant dei mest aktive flyklubbane i landet. Klubben har 105 medlemmer, og har tre avdelingar, for modellfly, sportsfly og motorfly.