Søren Diinhoff på gamle tomter. Han er glad for at området der gudehovet vart avdekt, er sikra for ettertida. Foto: Rune Sæbønes

Ose-funnet gir ny kunnskap om kristninga

Mot slutten av 900-talet vart det ført opp eit gudehov for norrøne gudar på Ose. Det er ikkje utenkjeleg at bygningen seinare vart nytta som kyrkje, trur arkeolog Søren Diinhoff.