Kva skal staden heite?

Nyheiter

Statens kartverk har sendt ei namnesak ut på lokal høyring i Ørsta kommune. Dette skjer etter at Språkrådet har bede om namnesak i samband med adressering i Ørsta kommune.

Ein fjellnakke på Standaleidet er registrert som Bjørnabakken i sentral stadnamnregistrert, men lokalt seier Bjønnanakken.

Skrivemåten Bjørnabakken er henta frå økonomisk kart frå 1961. Skrivemåten Bjønnabakken er nytta lokalt, t.d. i Fotturar på Sunnmøre av Helge Standal med fleire. Kommunen har vedteke Bjønnanakkvegen som adressenamn.

– Språkrådet skriv i sin e-post at -bakken ser ut til å vere ein skrivefeil. Derimot må det vurderast om ein skal kunne skrive Bjønna- i staden for Bjørna- i stadnamn frå Sunnmøre., skriv Statens kartverk i eit brev.

Frist for høyringsinnspel i saka er sett til 15. oktober 2021 og sendast til Ørsta kommune.