Kanskje den lengste rekka med motorsyklar i Volda og Ørsta

– Vil gjere det igjen

Markus Humberset, Runar Bjørdal og Solveig Brandal var nøgde etter turen.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Motorsykkelentusiastar frå 16 år og oppover samla seg laurdag til Tour de Fjords etter initiativ frå Bondhus Trafikkskule. Tour de Fjords skulle vere ein hyggeleg tur på tampen av sesongen, og markere at tohjulingane snart skal plasserast vekk for vinteren. Initiativtakarane hadde håp om god deltaking. Sjølv om laurdagen starta grå og regntung vart oppmøtet svært godt.