Lesarinnlegg

"Velle skule fortener pengane som eit framtidsretta bygg måtte koste"

Det er eit stort engasjement for ein ny sentrumsskule. Mange ber kommuenstyret vedta ein framtidsretta skule, og mellom dei er Endre Høyberg, pensjonert lærar som hadde arbeidsstaden på Velle skule.

Ny sentrumsskule: Den nye sentrumsskulen er tenkt plassert mot E39 og Anders Hovden-gata, og han skal verte lydisolert. Skisse: Ørsta kommune  Foto: White arkitekter

Nyheiter

Velle skule, ein sentrumsskule for framtida. Vert den framtidsretta og stor nok? Veit alle i kommunestyret nok om skulen si historie og korleis brukarane opplever kvardagen på Velle skule ? Spørsmåla er mange når skulen sitt nybygg skal planleggjast og skal vidare i kommunestyret på onsdag.

Ordførar Stein Aam sa: «Denne utbygginga vil vere eit løft for sentrum og det fortener dei» (Møre-Nytt - 10.september). Etter snart femti år som lærar på Velle skule ville eg sagt det same.

Då Velle gamle skule, trebygget, brann i 1985, vart skulen med over fire hundre elevar delt,og Vikemarka skule vart bygt. Forsikringspengane etter brannen kom sikkert godt med, og kva fekk Velle skule av desse pengane? Eg hugsar frustrasjonen på skulen etter vedtak den gongen,men detaljar tener ikkje saka no. I tida etter brannen måtte elevar og lærarar nytte lokale på andre skular,og Velle skule vart «klatta på» - til og med bomberom utan vindauge vart brukt.

Etter at elevflokken vart delt med Vikemarka, gjekk åra -Velle skule, det gamle murbygget,vart nytta på beste måte. Elevflokken var framleis for stor.

Etter ei frostnatt i romjula 1993 vart skulen råka på nytt, frostskade og lekkasje frå loft til kjellar. Lærarane som hadde høve til det, tok del i opprydding og berging av utstyr. Vatnet flaut over alt, og rektor Oddbjørn Åm hadde ein stri tørn. Lærarar og elevar måtte igjen på bygda for å halde fram med undervisninga, eg var bl.a. på klubbhuset for idrettslaget med to klasser. Nytt tilbygg til Velle skule vart planlagt, og forsikringspengane vart vel ein del av redninga.

Tilbygget var eit kjærkome bygg den gongen, men det gjekk ikkje så lang tid før spørsmålet om meir plass melde seg, og paviljong nr.1 kom til. I dag er den skifta ut med ein annan paviljong, men det er ikkje ei god løysing slik eg ser det. Overføring av elevar frå Liadal og Lystad skjedde også i desse åra.

Kvifor bryr eg meg om Velle skule, ny sentrumsskule og millionane som skal brukast? Mykje av årsaka er gode kollegaer og trivelege elevar eg har møtt gjennom åra på Velle skule. Eg ser mange lærarar er slitne, men eit framtidsretta og samlande nybygg vil vere eit lyspunkt for alle brukarane på skulen. Eg kan underskrive alt som er sagt om situasjonen i dag, frå elevrådet og Ellen Myrene, frå utdanningsforbundet og ikkje minst rektor sine detaljar i saka.

Når vi ser på historia til Velle skule,bør utbygginga vere stor nok denne gongen. Det er tredje gongen brukarane er delt på ulike bygg rundt skulen. Velle skule fortener pengane som eit framtidsretta bygg måtte koste – ikkje spar på framtida og høvelege arbeidsplassar til borna og dei andre brukarane på skulen !