– Kan bli tomt for norsk fyringsved igjen

Byggjevarekjeda Obs Bygg forventar også rekordhøgt sal av ved. I år har dei bestilt 1.9 millionar vedsekkar og 390.000 pakkar med fyringsbrikettar.   Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Nyheiter

Huseigarar har starta hamstring av ved før vinteren. Pågangen er stor over heile landet. I fjor vinter gjekk fleire lager tomme i periodar med sprengkulde.

– Vi forventar framleis noko bruk av heimekontor i vinter, litt meir enn før tida med korona. Så viss det blir kaldt, forventar vi ein etterspurnad over normalen for ein kald vinter. Då kan det bli tomt for norsk ved igjen, seier Sveinung Moesgaard Skjesol ved Oslo Vedsentral til Nationen.

Byggjevarekjeda Obs Bygg forventar òg rekordhøgt sal av ved. I år har dei bestilt 1,9 millionar vedsekker og 390.000 pakkar med fyringsbrikettar.

– Dei rekordhøge straumprisane gjer at vi førebur oss på tilsvarande rekordhøgt sal av fyringsved og brikettar, seier kjededirektør Espen Braaten.

Vedformidlingsportalen Kortreist Ved varslar at det allereie er stor etterspurnad. Selskapet leverer ved frå lokale produsentar i heile landet. Dei ligg an til minst dobling i år.

– Vi har opplevd svært stort vekst sidan august, og dette kjem i ein periode som har vore uvanleg varm. Sist vinter var kald, og mange tømde nok vedlagera sine då. No vil nok mange sikre seg meir og fylle opp lageret, seier Trond Fjørtoft til avisa.