Nyeskulen reiser seg raskt: «Ein milepåle»

Den nye skulen på Sæbø er det første kommunale byggeprosjektet i massivtre. Monteringa er godt i gang, og i løpet av tre til fire veker vil elementmonteringa vere ferdig.

Sæbø skule og barnehage byrjar å ta form.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

– Dette prosjektet er ein milepåle i Ørsta kommune. Du kjenner lukta av rykande fersk tre på byggeplassen. Forandringane er store dag for dag då det er element som blir heist på plass og skrudd saman, seier prosjektleiar Frank Flusund i Ørsta kommune.