Dei har fornya miljøsertifikatet

Lone Arnesen og Øyvind Amdam i Retura fekk overrekt sertifikatet av VØR-leiar Petter Bjørdal.  Foto: Retura

Nyheiter

- Miljøengasjementet i Retura Søre Sunnmøre er sterkt, og vi vil vere leiande på dette i vår region.Difor er vi glade for at vi no er re-sertifisert for ISO 14001 og ISO 9001. Dette er standardane for miljø og kvalitetsleiing, fortel dagleg leiar Øyvind Amdam.

Saman med Lone Arnesen er det han som har leia arbeidet med re-sertifiseringa. Retura Søre Sunnmøre har hatt desse sertifikata i to periodar sidan 2016, og miljøfokuset har blitt ein sentral del av drifta i gjenvinningsstasjonen.

- Det er svært gledeleg at fleire av kundane våre, særskilt på bedriftsmarknaden, men også private, har krav til miljø- og kvalitetsfokus når dei skal velje aktør i bransjen. - Vi har ulike verktøy for miljømålingar og kan ta ut skreddarsydde rapportar. Slik kan vi sikre at lovpålagde krav for miljø og kvalitet vert nådd hjå bedrifter eller i prosjekt, til dømes når det kjem til gjenvinning og berekraft, fortel Amdam.

Det var dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal, som fekk æra av å overrekke dei nye sertifikata til Retura.

– Eg veit kor mykje arbeid som ligger i både å vedlikehalde og sertifisere seg i ISO-standardane. Dette kjem både kunden til Retura og Retura sjølv til gode. Det viser seriøsitet og godt, førebyggande arbeid som sikrar god og stabil drift, seier VØR-sjefen.