Klar beskjed frå elevar og lærarar ved Velle skule

– Må ha ny og større sentrumsskule

For lite plass, toalett som elevar ikkje vil nytte, stengt areal og under- visning på ulike lokasjonar, er nokre moment som summerer opp skule-kvardagen ved Velle skule. Beskjeden til politikarane er klar: det må byggast ein ny sentrumsskule.

Velle skule: Elevrådet ved Velle skule er klare på at det må byggast ein ny sentrumsskule i Ørsta. Joel Mikael Tesfay (elevrådsleiar), Margi Garnes (nestleiar i elerådet) til venstre framme i bildet. 

Nyheiter

– Vi merkar det godt at det er trongt her. Lærarane må bruke enkelte klasserom som kontor grunna plassmangel. Tekstilrommet vårt er flytta til kulturhuset og nokre klasser har undervisning i Ørstahallen. Hadde vi ikkje hatt Ørstahallen, ville ikkje 7.-klassingane hatt ein stad å vere på skulen, seier Joel Mikael Tesfay som er elevrådsleiar ved Velle skule.