Opna livesendinga frå Hjørundfjorden

Bilete frå Hjørundfjorden skal sendast ut i verda 24/7 via eit nytt webkamera. Her frå den offisielle opninga på Hustadneset onsdag.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

På morenytt.no vert det no direktesending frå Hjørundfjorden 24 timar i døgnet – sju dagar i veka. Det skjer via eit bevegeleg webkamera som Sæbø grendelag har utplassert på Hustadneset. Sendinga vart offisielt opna onsdag, med ordførar til stades, og servering av marsipankake – akkurat i det Hurtigruta segla inn fjorden i retning Urke.