Nye koronasmitta i Volda

På to døger er det registrert tre nye koronatilfelle i Volda. Alle har vore nærkontakter med tidlegare smittetilfelle.
Nyheiter

I pressmeldinga frå Volda kommune heiter det: "Volda kommune fekk i går kveld (14.09.21) melding om eit nytt smittetilfelle med covid-19. Vedkomande var nærkontakt med eit tidlegare kjent smittetilfelle, og utløyser ingen nye nærkontaktar.

Volda kommune har i dag (15.09.21) fått melding om to nye smittetilfelle med covid-19. Også desse er nærkontaktar til kjende smittetilfelle."

Vidare minner kommunen om smittevernreglane:

- Ein av dei smitta har vore på vaksineringa i Volda 09. september. Kommunen minner difor om at dersom ein har feber, hovudpine eller sjukdomskjensle som varer over 48 timar etter at ein har tatt vaksine, bør ein ta ein koronatest. Dersom ein får sår hals, hoste, tungpust eller andre symptom som ikkje er på lista over vanlege symptom etter koronavaksine, bør ein ta ein koronatest, heiter det frå kommunen.