No kan du sjå Hjørundfjorden live

Kva skjer på Hjørundfjorden? Dette kan sjekkast 24-timar i døgnet på webkamera Hjørundfjorden live.
Nyheiter

Det er Sæbø Grendelag som har tatt initiativet til å sette opp eit kamera på Hustadneset, og det er offisiell opning onsdag. Møre-Nytt er mellom dei som har vore med å finansiere tiltaket.

– Dermed kan våre lesarar få tilgang til kameraet via vår nettside morenytt.no. Utsikta frå Hustadneset er eit flott syn i seg sjølv, spesielt mot Slogen og Stålberghornet. Samstundes kan turfolk halde seg oppdatert over forholda i fjellet både sommar og vinter. Og båtfolket kan sjekke forholda på fjorden, seier redaktør og dagleg leiar i Møre-Nytt, Svein Aam.

Kameraet er bevegeleg og har automatisk zoom.

– Så dette blir Hjørundfjorden minutt for minutt, seier Svein Aam.