Krev å bli fast innlemma i sentrumskrinsen – og få gratis skuleskyss

Nedlagde Austefjord skule.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Austefjorden-foreldra gjev ikkje opp. No vil dei ha ordførar og skuleadministrasjon til Fyrde på folkemøte om framtida. Kravet er å bli permanent innlemma i Øyra skulekrins i Volda sentrum – og få gratis skuleskyss.