Fekk nesten 600.000 kroner i grasrotmidlar

Frå januar og fram til september har det blitt betalt ut nesten 1.380.000 kroner i grasrotmidlar i Volda kommune.

Så langt i år har blitt betalt ut nærare 1,4 millionar kroner i grasrotmidlar i Volda kommune.   Foto: Arkiv

Nyheiter

I Volda kommune er Barnekreftforeningen registrert som mottakar av grasrotmidlar. Med 1502 registrerte givarar har det så langt i år kome inn 586.645 kroner grasrotmidlar. Som i Ørsta har Røde Kors mange givarar. Volda Røde Kors er registrert med 190 givarar og står oppført med 41.529 kroner i bidrag. Volda Turn og Idrottslag Fotball har fått 79.848 i bidrag frå 237 givarar.