Krev strakstiltak på kommuneveg

- Dagleg opplever vi at bilar kjem susande forbi barn og vaksne utan å vise omsyn

Nyheiter

- Det bør snarast i Ytre Hovden verte bygt fartshumpar på den kommunale vegen, og her bør kome 30 km/t-sone før nokon vert alvorleg skadde eller liv går tapt. Situasjonen no er heilt uforsvarleg!

Det seier Christian Sandvik i Ytre Hovden.

Sandvik og familien er næraste nabo til forsamlingshuset Ervingen. Den kommunale vegen går rett forbi bustaden deira. Sandvik har siste åra registrert dels sterk trafikkauke forbi bustaden. Dette gjeld i stor grad frå folk som vil bruke det flotte turområdet i området Hovdevatnet. Spesielt frå strekninga Ervingen til Hovden Møbel er det ifølgje Sandvik mange som køyrer alt for fort.

I Ytre Hovden er det 50 km/t-sone.  Foto: Roy-Arne Folkestad

- Denne vegen har mange mjuke trafikantar som brukar vegen til skuleveg. Dagleg opplever vi at bilar kjem susande forbi barn og vaksne utan å vise omsyn eller å redusere farta når dei passerer. Mange køyrer langt over 80 km/t. Også turgåarar er veldig bekymret over bilar med høg fart. Nokre har vore berre centimeter frå å verte køyrt ned, seier Sandvik til Møre-Nytt.

Han viser til at vegen manglar fortau og er smal.

Christian Sandvik meiner 50 km/t er alt for høg fartsgrense i dette området med smale og dels svingete vegar, også mellom gardstun.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Gått ut på dato

- Skiltplanen i dette området har gått ut av dato. Det høyrer ikkje heime å ha 50-sone på den dels svingete og smale vegen. Der burde sjølvsagt vere 30-sone, meiner Christian Sandvik.

Han viser til at Indrehovdevegen har fortau og 30-sone.

- Ytrehovdevegen har eit langt større behov for 30-sone med tanke på tal bilar og høg fart på smal veg med mange skuleborn. No når det vert gjort arbeid i vegen i samband med fornying av kloakk og vassrøyr, burde utbetring vere ei smal sak, meiner Sandvik.

Han har sendt brev til trafikktryggingsutvalet i kommunen om saka.